Rosa Ragnhild

Har du besøkt bloggen "Ragnhilds rosa verden"?

Enten du har vore der før, eller ikkje, bør du ta unne deg eit besøk. Den unge dama skriv korte, herlege dikt på nynorsk. For det meste handlar dikta om mennesklege relasjonar og kjensler rundt dette.

Ta turen, les nokre dikt og la deg fascinere :)

 

http://rosaragnhild.blogg.no/

 

God lesnad!

Dagens mann

Eg følte meg

som ein konge

i dag.

 

Fuglane song,

sola smilte,

trena vinka.

 

Dei fekk meg

til å føle meg

som ein konge

i dag.

 

Louis 28/6-12



Ver venleg og les retningslinjene for deling

Regnet

Eg vender

hovudet

mot himlen

når det

regnar.

 

I takksemd

for at det

ikkje regnar

bomber

og granatar.

 

Louis 26/6-12




 Ver venleg og les retningslinjene for deling

Kviskrar i vinden

Eg kviskrar

i vinden

at eg

elskar deg.

 

Eg ber til

brisen

at den

forteller

deg.

 

Louis 14/6-12




Ver venleg og les retningslinjene for deling

Att på vegen

Ein stad

på denne

vegen

vart du

ståande

att.

 

Eg ser deg

der bake,

men kan

ikkje anna

gjere enn

å sjå.

 

Hendene våre

er for langt

frå kvarandre

til nokon gong

å møtast

att.

 

Louis 14/6-12

 

 

Ver venleg og les retningslinjene for deling

Liv og dikting

I dag kjende eg 
at eg hadde laga eit godt dikt.
Fuglane kvitra i hagen då eg kom ut,
og soli stod blid yver Bergahaugane.
Olav H. Hauge (Dropar i austavind, 1966)

Ver venleg og les retningslinjene for deling

Dette huset

Du seier

du kjenner

dette huset

så godt.

 

Du seier

du kjenner

kvar krik

og kvar

krok.

 

Kvifor ser du

ikkje hòla

i taket eller

sprekkene

i vindauga?

 

Kvifor høyrer

du ikkje

rottene

i veggane?

 

Louis 10/6-12

 

Ver venleg og les retningslinjene for deling

Dans med meg

Eg dansar tango

medan du

dansa salsa.

 

Ikkje rart

vi trakka

kvarandre

på tærne.

 

Louis 9/6-12




Ver venleg og les retningslinjene for deling

Månetur

Ho spurte

om eg kunne

vere så ven

å køyre ho

til kolonialen.

 

Mormor;

du veit

at eg køyrer

til månen

og attende

om du vil.

 

Louis 9/6-12




Ver venleg og les retningslinjene for deling

Ordsmeden

Ordsmeden

smeltar inntrykk

i hjerna,

 

slår dei

over ambolten

med tunga,

 

kjøler

sverda

ned på papiret.

 

Louis 8/6-12


 

Ver venleg og les retningslinjene for deling

Les mer i arkivet » Juli 2012 » Juni 2012
hits